Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Les statusrapporten for 2024 her

I statusrapporten finn du ei oppsummering av arbeidet som vart gjort innan medisinske kvalitetsregister i løpet av fjoråret.

Randi Solhaug
Publisert 21.01.2025
To kvinner ser på en PC

Foto: Skjermdump

Medisinske kvalitetsregister inneheld strukturert informasjon om utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar i norsk spesialisthelseteneste. Denne informasjonen gir oss høve til å vurdera kor god kvaliteten på pasientbehandlinga er. Kunnskap frå medisinske kvalitetsregister kan også brukast til å styrkja både kvalitet og pasienttryggleik, og på den måten gjera helsevesenet betre. 

Kvalitetsforbetring 

Kvalitetsforbetring er difor eit tema som har fått stor plass i statusrapporten 2024 til dei medisinske kvalitetsregistera. 

Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregistre ønskjer å formidla erfaringar som registera har gjort seg med kvalitetsforbetringsprosjekt - både suksessfaktorar og fallgruver. Du kan mellom anna lese om korleis det har gått med tre kvalitetsforbetringsprosjekt fleire år etter at dei vart starta opp: 

  • Diabetesregisteret for vaksne delar erfaringane sine frå prosjektet med å få ned talet på pasientar med diabetes type 1 som har farleg høgt blodsukker (langtidsblodsukker/HbA1c ≥ 75 mmol/mol). 
  • Tonsilleregisteret fortel korleis dei fekk ned delen som vart reinnlagt etter tonsillekirurgi. 
  • Barnediabetesregisteret fortel om korleis kvalitetsforbetringsprosjektet “IQ-Norge” har vore med på å gje ein langvarig og positiv effekt på langtidsblodsukkeret til norske barn med diabetes type 1. 

Forsking  

I statusrapporten finn du også fleire døme på forsking som tar utgangspunkt i data frå kvalitetsregister. Mellom anna frå Norsk hjarteinfarktregister og Nasjonalt Register for Leddproteser. 

I tillegg finn du meir informasjon om metadata, Rapporteket, datakvalitet og pasientrapporterte data.   

Det nasjonale servicemiljøet for medisinske kvalitetsregister vil retta ein stor takk til alle som har jobba med medisinske kvalitetsregister i 2024!  

 

Her finn du rapporten: Statusrapport 2024.pdf