Husk frist 1. april - Utlysning midlar til elektronisk innhenting av pasientrapporterte data

Image
Fagsenter for pasientrapporterte data lyser ut midlar til elektronisk innhenting av pasientrapporterte data i dei nasjonale kvalitetsregistra. Søknadsfristen er 1. april 2023.

Pasienten si oppleving knytt til helse, sjukdom og behandlingseffektar er ei verdifull kjelde til kunnskap, som kan nyttast til å betre kvaliteten på behandlingstilbodet i norsk helsevesen. Fagsenter for pasientrapporterte data bidrar i arbeidet med å legge til rette for at kvalitetsregistra på ein smidig datateknisk måte kan innhente pasientrapporterte data. Helse Midt IKT (HEMIT) har på oppdrag frå SKDE utarbeidd og etablert ei løysning for elektronisk innhenting av denne typen data (ePROM).

Ikkje alle pasientar kan eller ynskjer å fylle ut spørjeskjema elektronisk. Dette gjer at registra går glipp av viktig informasjon, og det påverkar både svarprosent og validitet av resultata. For å sikre at pasientane også kan fylle ut PROM-skjema på papir, er det utvikla ei teknisk løysing for papirflyt for PROM-skjema (PiPP) som sørgjer for at svar henta inn gjennom spørjeskjema på papir blir lagt inn saman med data frå ePROM.

For å stimulere fleire kvalitetsregistre til å gå over til ePROM og oppkopling til PiPP, lyser Fagsenter for pasientrapporterte data ut midlar til å dekke deler av kostnadane knytt til overgang til ePROM.

Kven kan søkje og kva kan det søkjast om?

Formålet med dei søkbare midlane er å medverke til at pasientrapporterte data blir henta inn i dei nasjonale kvalitetsregistra, og at innsamla data blir nytta i kvalitetsarbeid og forsking. Det kan søkjast om midlar til:

  • Etablering av ePROM for elektronisk innhenting av pasientrapporterte data, og eventuelt kopling til PiPP prosjektet for automatisk papirutsending.
  • Kjøp av bistand for å få etablert skjema på registerløysing og integrasjon.

Tilgjengelege søkbare midlar for 2023-24 er 300 000 NOK. Søknads- og tildelingssum er avgrensa til eit maksimalt beløp på 100 000 NOK per register. Søknadane vil bli vurdert og prioritert ut frå kvalitet og om det er mogeleg å gjennomføra prosjekta innanfor aktuell periode.

Midlane vil bli tildelt som ein eingongssum. Prosjektet må vera avslutta innan 01.10.2024.

Kriterium for vurdering av søknadane og tildeling

  • Midlane kan kun tildelast medisinske kvalitetsregister med nasjonal status.
  • Det er utarbeidd kriterium for kva som må vere på plass hos kvart enkelt register før innføring av eller overgang til elektronisk løysing for innhenting av PROM kan tas i bruk, og desse må vere oppfylt og dokumentert før ein eventuell tildeling av midlar. Kriteria finn du her.
  • Det må i søknaden gjerast greie for kva midlane konkret vil bli brukt til, som direkte kostnader til kopling til ePROM, kopling til PiPP for automatisk papirutsending, og evt. nødvendig frikjøp av personell eller kjøp av ekstern bistand for å klargjøre register for oppkopling til ePROM.
  • For register som allereie har motteke midlar frå Teknologiforum for medisinske kvalitetsregistre (FMK) for etablering av ePROM, og som enda ikkje har fått dette implementert, skal det gjerast greie om kva som har vore gjort og kva som manglar før registeret er klar til å implementera ePROM.
  • Det blir ikkje tildelt midlar til ordinær registerdrift og/eller drift av elektronisk innrapporterings- og/eller resultatløysing.
  • Det blir ikkje tildelt midlar til reise- og møteverksemd.
  • Prosjektet skal vere mogleg å realisere innanfor prosjektperioden. 
  • Det skal rapporterast på bruk av midlar innan 31.12.2024. Dersom midlane ikkje er brukt i tråd med søknaden og innan prosjektperioden, kan det bli krav om å betale dei tilbake.

Søknadsfrist er 1.april 2023. Prosjektsøknad sendes Fagsenter for pasientrapporterte data på  PROMsenter@ihelse.net. Merk e-post «Søknad om ePROM-midlar 2023-24». Eventuelle spørsmål om utlysningen kan sendast til: PROMsenter@ihelse.net

Rapportering og overføring av midlar

Ein fagleg sluttrapport over bruken av midlar, kva som er oppnådd med midlane - og særleg erfaringar som kan vere nyttige for andre fagmiljø i og utanfor dei nasjonale kvalitetsregistra - skal sendast Fagsenter for pasientrapporterte data innan 31.12.2024. Vi vil be om at nokre kvalitetsregistre presenterar resultat frå prosjektet og sin erfaring med innføring av ePROM på Fagsenteret si årlege PROM-konferanse.

Ubrukte midlar kan berre unntaksvis overførast til neste år etter særskilt grunngiven søknad til fagrådet for Fagsenter for pasientrapporterte data. Søknad om forlenging av prosjektperioden må sendast til Fagsenter for pasientrapporterte data seinast 01.10.2024 (året etter tildeling). Det kan søkjast om utsetjing av prosjektperioden ein gong.