For å stimulere fleire kvalitetsregistre til å gå over til ePROM og oppkopling til automatisk papirutsending (PiPP) lyste Fagsenter for pasientrapporterte data ut midlar til å dekke deler av kostnadane knytt til etablering av ePROM. Formålet med dei søkbare midlane er å medverke til at pasientrapporterte data blir henta inn i dei nasjonale kvalitetsregistra, og at innsamla data blir nytta i kvalitetsarbeid og forsking.
Det kom inn søknader fra 14 register, med eit totalt søknadsbeløp på 1 373 550,-. Tilgjengelege søkbare midlar for 2020 var 1 000 000,-, og tildelingssum var for kvart register avgrensa til eit maksimalt beløp på 100 000,-.
Søknadane er nå til vurdering. I vurderinga av søknadane legg vi vekt på kvalitet og om det er mogeleg å gjennomføra prosjekta innanfor aktuell periode. Brev om eventuell tildeling vil bli sendt ut i løpet av uke 49.