Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi
SOReg-N er eit landsdekkande medisinsk kvalitetsregister som kan ta imot data frå sjukehus som utfører fedmekirurgi i Noreg. Registeret er den norske versjonen av eit skandinavisk kvalitetsregister for fedmekirurgi, Scandinavian Obesity Surgery Registry (SOReg), som vart teke i bruk i Sverige i 2007. Den norske utgåva vart knytt til den skandinaviske plattforma i 2014, og fekk i 2015 status som nasjonalt register.
Per juni 2020 har registeret to kvalitetsforbetringsprosjekt.
Prosjekt 1: Kontroll innafor normtid (del 2).
Dette er ei fortsetting av prosjektet «kontroll innan normtid (del 1)» der fem sjukehus deltok. Sluttrapport for dette prosjektet er på heimesida til SOReg-N: …
I del 2 blir det sendt oversikt til alle sjukehusa kvar månad med oversikt over kontrollar innafor normtid for eige sjukehus samanlikna med landsgjennomsnittet. Måltal for eittårskontrollen er at 95 % av kontrollane skal vere innafor normtid (def 12+/- 3 mnd), for toårskontrollen 90 % (def 24 +/- 3 mnd). Drøfting av resultata og planlegging av tiltak skjer på nettmøter med brukarane av registeret.
Prosjekt 2: Datakvalitet.
I eit register er det viktig at spørsmåla er lett forståelege, og at brukarane har ei felles forståing av spørsmåla.
I dette prosjektet er føremålet å undersøke eventuell variasjon i registreringa blant brukarane av registeret.
Registrerer alle likt?
Registeret mailer ut 2-3 kasuistikkar til alle SOReg-brukarar tre gonger i løpet av 2021. Dette er sjukehistorier med utfordringar knytt til føring i registeret. Brukarane plottar kasuistikkane i ein testversjon av registeret under mest mogeleg realistiske forhold og innkomne data vil bli analysert på nasjonalt nivå og på sjukehusnivå. Resultat og fasit blir sendt til deltakarane etter kvar runde og kasuistikkane vil bli drøfta på nettmøter.
Det er lagt til rette for at data frå SOReg-N kan brukast til forsking.
SOReg-N innleia i 2017 eit samarbeid med SOReg-S og det nasjonale registeret for fedmekirurgi i Nederland. Den første artikkelen frå dette samarbeidet vart trykt i tidsskriftet Obesity Surgery i 2018. I denne artikkelen vurderer vi mellom anna om variablane er samanliknbare, og vi samanliknar fedmekirurgi i dei tre landa med fokus på komplikasjonar (1).
Artikkel nummer to vart publisert på nett i Annals of Surgery i april 2019. I artikkelen bruker vi data frå 47101 opererte pasientar til å samanlikne korttidsutfall av dei to operasjonsmetodane gastrisk sleeve og gastrisk bypass på institusjonsnivå i dei tre landa (2).
(1) https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/30027332
(2) https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/30921054
Databehandlingsansvarlig:
Helse Bergen
Hjemmeside:
http://helse-bergen.no/soreg
E-post:
soreg-norge@helse-bergen.no
Kontaktpersoner:
Registerleiar:
Villy Våge
Telefon: 908 63 744
epost: villy.vage@helse-bergen.no