Skjemabank for pasientrapporterte data
Sjukdomsspesifikke skjema
Sjukdomsspesifikke skjema vert nytta for å undersøkje effekten av ein gitt behandling, eller for å samanlikna ulike behandlingar innan ei sjukdomsgruppe. Dei sjukdomsspesifikke skjemaene er utforma for å respondera på endring i eit behandlingsløp, og er difor meir klinisk relevante enn generiske skjema.
Vi arbeidar nå med å utarbeida ein skjemabank for PROM som er oversett til norsk og som kan nyttast til ulike sjukdomsgrupper. Lista er ikkje uttømmande, og oppdateres fortlaupande. Mykje av informasjonen er basert på informasjon henta fra organisasjonen eProvide (https://eprovide.mapi-trust.org). Om du har bruk for meir utfyllande informasjon om dei enkelte skjema ber vi deg om å ta kontakt.
Ta og gjerne kontakt med oss på Fagsenter for pasientrapportete data om du ynskjer bistand til å finne et sjukdomsspesifikt skjema til di pasientgruppe.